Erna og Kjell var klar for å forklate generasjonsbustaden på over tre etasjar:
– Alt er blitt slik me ville
Huset blei for stort, men dei fann ikkje noko leiligheit dei ville ha. No har Erna (69) og Kjell Mjåtvedt (72) gjennom tett samarbeid med Seim Bygg fått seg nytt draumehus.
– Alt er blitt slik me ville, på ein prikk. Seim Bygg har gjort ein kjempejobb, seier Erna, og haustar supplerande nikk frå ektemannen Kjell.
– Me reiste til Syden i haust, då berre grunnsolen var støypt. Så kom me heim til jul, då var det komme tak på huset. Deretter reiste me til Syden igjen. Seim Bygg har styrt med alt, seier han.

Kjell og Erna Mjåtvedt er stårlande nøgde med det funkishuset dei no nettopp har flytta inn i.
På eiga tomt
Erna og Kjell er no nettopp flytta inn i Sagstadvegen 63 – dei held framleis på med å få møblar og anna på plass. Huset dei flytta frå ligg i Sagstadvegen 65, nokre få meter frå nyehuset. Dei har rett og slett bygd på eiga tomt. Å flytta frå eit nærområde dei har djupare røter i, var ikkje noko dei ønskte. Likevel følte dei at det var tid for å forlata den store generasjonsbustaden over tre etasjar.
– Me har helse, men me har ikkje helse til å halda eit så stort hus som det me har budd i til no, forklarer Erna. Den nye einebustaden har universell utforming og alt på eitt plan. Saman med Seim Bygg har Erna og Kjell fått tilpassa einebustaden både etter tomteforhold og med omsyn til praktiske løysingar.
– Me er forhandlar av Byggmann-hus. Erna og Kjell hadde sett desse husa, og tok kontakt med oss. Dermed starta prosessen fram mot ferdig hus for deira del, fortel dagleg leiar Terje Seim i Seim Bygg.
Det nye Byggmann-huset har eit bruksareal på 120 kvadrat. I tillegg kjem mellom anna garasje.
Frå soverommet kan Erna og Kjell gå direkte ut på badet.
Mange minner
To år tok det frå dei første tankane om ny einebustad dukka opp, til ekteparet i helga kunne flytta inn i huset. Då hadde dei allereie vore på utkikk etter leiligheit som erstatning for generasjonsbustaden, utan å finna noko dei kunne tenkja seg.
– Det var lett å konkludera med at me ville ha ny bustad. Men å selje den gamle einebustaden var ikkje enkelt. Dette var barndomsheimen til Kjell, her har me budd med ungar og svigermor. Det er mange gode minner knytt til huset, forklarer Erna.
Til slutt kom ho og ektemannen til ein konklusjon som dei meiner kan passe til fleire: – Eit hus er eigentleg berre eit hus. Minna tar vi jo med oss sjølv om me flyttar, seier Erna. Detter er Kjell einig i, sjølv om huset dei forlet er barndomsheimen hans.
– Det viktigaste har vore at me får bu i nærmiljøet. Me trivst utruleg godt. Me såg på leiligheiter andre stader, men eg kunne ikkje tenkt meg å flytta dit, seier han.
Leiligheit vanlegast
For Terje Seim og Seim Bygg er det å byggja og selja ny bustad til godt vaksne ikkje noko nytt fenomen. Men det desidert vanlegaste er sjølvsagt at såkalla seniorar kvittar seg med einebustad og investerer i leiligheit.
– Me byggjer til dømes ein firemannsbustad på Frekhaug der me har selt to einingar til seiniorar, forklarer Seim.
Jo meir han tenkjer på valet til Erna og Kjell Mjåtveit, jo meir overtydd blir han om at dette er eit val som kan passa for fleire.
– Litt ute på landet har ein gjerne store tomter. Samtidig vil ein ikkje flytta frå nærmiljøet der ein har budd i mange år. Leiligheiter finns det ikkje over alt, då kan det vera ei god løysing å gjera som Erna og Kjell, seier han.
Husleverandøren og huskjøparen småkranglar litt om kven som fortener skryt og heider for prosjektet. Seim er opptatt av å hylla ekteparet for å ha gått for eit moderne og tøft hus i godt vaksen alder. Ekteparet Mjåtveit at det er Seim Bygg som skal hyllast for god oppfølgning, og for å ha gitt dei den tryggleiken som skulle til for å satsa på eit slikt prosjekt. Dei har våga å reisa til Syden i byggeperioden, og overlate prosjektstyringa til Seim Bygg – sjølvsagt supplert av telefonar, e-postar og samtalar om fargeval og anna.
Erna meiner i grunnen at det dei har gjort ikkje er noko spesielt.
– Dette er noko alle kan klara viss dei vil, meiner ho.
Treng ikkje kosta
Mange seniorar vergar seg for å ta opp lån til ny bustad etter at dei er blitt gjeldsfrie. Terje Seim er langtfrå sikker på at reknestykket må tilseia nye lån.
– Leiligheiter er i mange tilfeller dyre. I tillegg skal ein hugsa på at seniorane gjerne sitt på store einebustader som gir god pris ved vidaresal. For mange skal det vera muleg å byggja nye, tilpassa og mindre einebustader innanfor den prisramma ein får for det gamle huset, seier han.